Galleri Solbakkestova
er ei ombygd løe som ligg omlag to km sør for Os sentrum i Hordaland. Det er dreve av Arne Mæland og sonen Vidar Bratlund-Mæland. Galleriet ligg vakkert til, ikkje langt frå E39, på vegen mot Hallhjem. Utanfor bygningen er det opparbeidd ein liten park med vakre skulpturar. Galleriet har ei permanent utstilling med både kunst laga av familien og av andre. I tillegg til bronseskulpturar, måleri og relieff, finn ein og marmorskulpturar og grafikk. Galleriet brukast ofte til bokkvelder, konserter og annan kulturell aktivitet.
Open laurdager kl.11-15 Ellers etter avtale..